Opptak av fagmøte om elektronisk sporing av sau

(24.03.22) Er elektronisk sporing svaret på ein del av utfordringane rundt sau på utmark? I dette fagmøtet har Norturas fagsjef på småfe, Finn Avdem, invitert dei ulike leverandørane av elektronisk sporing.

Bruken av utmarksbeite er ei forutsetning for det sauehaldet vi har i Noreg i dag. Ein sauebonde som brukar utmarksbeite hentar cirka halvparten av grovfôret sitt der. Derfor er Nortura opptatt av effektiv bruk av denne viktige resursen. Men alle veit at det kan vera utfordrande med sau på utmark.

– Svaret på ein del av desse utfordringane er, etter mi meining, elektronisk sporing. Derfor har vi invitert alle aktørar som driv med dette til dette fagmøtet, for å fortelja kva dei kan tilby sauebonden, seier fagsjef på småfe Finn Avdem i Nortura.

Sjå fagmøtet i opptak med å klikke på videoen. Her kan du høyre meir frå Findmy, Telespor, Smartbjella, og Nofence. Heilt til slutt får ein høyre erfaringar frå Oddbjørn Kaasa i Nord-Trøndelag Radiobjellelag, om korleis dei organisert seg for å få effektiv drift, og ikkje minst, finansiering gjennom samarbeid med Statsforvaltaren.