Ny småferådgjevar på Nortura Sandeid

(30.09.21) Per Johan Lyse er tilsett som ny småfe-rådgjevar ved Nortura Sandeid. Per Johan er sauebonde på garden Lyse i Nedstrand i Nord-Rogaland. Der driv familien eit sauebruk med 240 vinterfôra sau. Han overtok garden i 2001. Halvparten av sauene går på heimebeite om sommaren og resten er på fjellbeite på Hovden.

Per Johan Lyse der han trivast best- i sauefjøset

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Interessa for sau har alltid vore der, heilt frå da han var med far sin på utstilling med "eigne" dyr, til nå som rådgjevar i Nortura og sauebonde.

Per Johan har vore lenge med i organisasjonsarbeidet i Norsk Sau og Geit. Han begynte som 1. vara til fylkesstyret i 2003. Forutan fleire år i fylkesstyret, har han vore kåringsansvarleg. Nå er han kåringsdommar, leiar i avlsutvalet i Rogaland og medlem av Avlsrådet for sau.

Forutan interesse for vanleg sauedrift, er det avl som er hovudinteressa. Per Johan er også utdanna tømrar. Planlegging av bygg til sau er difor også av dei tinga han har jobba med, og kan gje gode råd om.

Om nokre år nærmar det seg generasjonsskifte på garden. Da Per Johan fekk tilbod om å bli rådgjevar og tilførselsmedarbeidar i Nortura, var valet lett. Han ynskjer framleis å vera ein del av miljøet, også etter at garden er overlevert til neste generasjon.

Vi ynskjer Per Johan velkomen i Team småfe i Nortura.

Gode råd før avlssesongen

Eit godt avlsarbeid er også viktig for å lykkast med gode produksjonsresultat. Interessa for saueavl vil sjølvsagt variere. Uansett er det viktig å dra nytte av avlsframgangen som blir produsert i avlsbesetningane.

Per Johan Lyse heldt eit glimrande innlegg om avl på LAM 2017 i Stavanger. Foredraget var for unge sauebønder, men råda hans kan sikkert passe for alle. Han delte da opp sauebøndene i tre kategoriar etter avlsinteresse og korleis ein best bør leggje opp avlsarbeidet:

Lite interessert i avl:

Gjer deg opp ei mening om nokre få eigenskapar du vil forbetre. Ta kontakt med ein sauebonde som driv aktiv avl, og gjer avtale om fast bestilling av vêr frå han for fleire år. Seljaren sitt ansvar er da å finne den vêren som passar best, og som ikkje er i slekt med dei vêrane du har fått før. Hugs å hente vêren i god tid før paring.

Medels interessert i avl:

Del flokken opp i to grupper, ei gruppe som skal produsere slakt, og ei gruppe som skal produsere livlam. Til produksjonsgruppa bør ein bruke ein vêr som er god på slakteeigenskapane, spesielt tilvekst. Ein bør ikkje setje på lam etter denne gruppa. Til mordyrgruppa bør ein bruke ein vêr som har høg O-indeks, helst ein avkomsgranska vêr.

Svært interessert i avl:

Søk om medlemskap i ein vêrering. Det vil føre til ein del ekstra arbeid, men er veldig lærerikt og kjekt. Da må ein helst inseminere ein del av søyene, og avlsdyr må fyrst og fremst plukkast ut etter O-indeks. Etter kvart vil du sjølv bli ein leverandør av avlsvêrar.

Avlsvêrane på Lyse
Avlsvêrane på Lyse gler seg til ny avlssesong. Foto: Per Johan Lyse