Når er det lurt å bruke ensileringsmiddel?

(Sist oppdatert 01.06.17) Produksjon av godt grovfôr er ein av dei viktigaste faktorane for å oppnå eit godt økonomisk resultat av sauen. Syrebaserte ensileringsmiddel er i einskilde tilhøve ei nødvendig investering for å oppnå den grovfôrkvaliteten vi ynskjer. Her drøftar vi kva som må til for å få til ei vellykka surfôrgjæring og når det er lurt å bruke syrebaserte ensileringsmiddel.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Dei ulike fasene i surfôrgjæringa

Prosessen frå nyhausta gras til ferdig stabil surfôrmasse gjennomgår ulike fasar:

  1. Den aerobe fasen
    Denne fasen går føre seg så lenge graset lever og det er luft i siloen. I godt kutta masse i eit lufttett silo/rundball, vil denne fasa berre vare nokre timar fordi åndinga til graset vil bruke opp lufta i surfôrmassen.
     
  2. Den anaerobe gjæringsfasen
    Denne fasa startar når lufta er brukt opp og varar frå ei veke til meir enn ein månad. I denne fasen vil ulike mikroorganismar konkurrere med mjølkesyrebakteriane om næringa som blir frigjeve frå plantecellene. Dersom næringstilgangen er god, vil etter kvart mjølkesyrebakteriane dominere.

    Surfôret blir surt av mjølkesyre og mjølkesyrebakteriane tåler det sure miljøet best. Dersom siloen er lufttett vil grasmassen etter kvart gå over til å bli stabil surfôrmasse der det skjer relativt lite. Surfôr i ein lufttett silo kan lagrast over til neste fôringssesong, men ein rundball blir aldri så lufttett at den bør lagrast frå ein fôringssesong til neste.
     
  3. Utfôringsfasa
    Når vi opnar siloen/rundballen, vil det igjen bli lufttilgang. Kor stabilt surfôret da er, kjem an på mange faktorar, bl.a. kor mykje gjærsopp og bakteriesporer som har overlevd i surfôret og kor høg temperaturen er.

Graf

To viktige faktorar bestemmer om ein får til ein vellykka gjæringsprosess.

  1. Tilgangen på lettløyseleg sukker som "mat" til mjølkesyrebakteriane
  2. Farten på innleggingsprosessen. Sakte fylling av siloen fører til varmgang i grasmassen og stort åndingstap og forbruk av sukker. Ein vil også få oppformering av gjærsopp og andre uynskte mikroorganismar. Surfôret blir da mindre stabilt i utfôringsfasa.

Sekundærgjæring

Dersom det er for lite lettløyseleg sukker tilgjengeleg til at mjølkesyrebakteriane "vinn" kampen i den anaerobe gjæringsfasen, kan smørsyrebakteriane overta og bruke det restrande sukkeret og mjølkesyra til å lage smørsyre. Surfôret vil da bli mindre surt fordi smørsyre er ei svakare syre enn mjølkesyre. Slikt surfôr har ei stikkande lukt og dårleg smakeligheit. Det blir også større gjæringstap. Vi har med andre ord eit feilgjæra, mislykka surfôr.

Kva skjer når du tilset ensileringsmiddel?

Når du tilset eit syrebasert ensileringsmiddel i tilrådd dosering, vil du umiddelbart få ei surare grasmasse. Den tilsatte syra drep en del av plantecellene slik at andinga, og difor varmeutviklinga, blir hemma. Den lågere temperaturen sparer sukker og favoriserer dei ynskte bakteriane, og du legg til rette for ein vellykka gjæringsprosess. I tillegg treng ikkje mjølkesyrebakteriane å bruke så mykje av sukkeret i graset til å gjera surfôret tilstrekkeleg surt. Ein større del av sukkeret blir difor bevart i surfôret og kan nyttast av dyret som skal eta surfôret.


Tilsetting av ensileringsmiddel er ofte ei nødvendig investering, her overvaka av forskar Åshild Randby ved UMB.

Det viktigaste er likevel at mange uynskte mikroorganismar som listeria- og smørsyrebakteriar blir hemma når graset blir surt. Dette reduserer risikoen for feilgjæring i surfôret og listeriose på sauen. Listeriose fører til hjernebetennelse og kasting hjå sau. Ein del ensileringsmiddel inneheld også sopphemmande stoff som reduserer risikoen for varmgang ved innlegging og opning av siloen/rundballen.

Når er det lurt å bruke ensileringsmiddel?

Når du haustar gras under dårlege innhaustingsforhold med mykje regn og lite sol. Det vil da vera lite sukker i graset som mjølkesyrebakteriane kan lage mjølkesyre av. Smørsyrebakteriane trivst best i fuktig miljø og risikoen for feilgjæring er stor. Det er difor ekstra viktig å "hjelpe" mjølkesyrebakteriane med å vinne kampen. I tillegg har det lett for å bli med litt jord med graset under slike innhaustingsforhold. Da er det ekstra viktig å hemme listeriabakterien som m.a. lever i jord.

sau
Velgjæra surfôr er godt!

Når du haustar gras på eit tidleg utviklingstrinn. Ungt gras er i sterk vekst og inneheld difor mykje protein og lite sukker. I tillegg har slik gras høg bufferevne, dvs at det skal mykje syre til for å få det surt nok. Den bevisste grovfôrprodusenten sparar slik fôr til lammingsperioden når fôrtrongen er størst. Da er det ofte varmare i været og surfôret har lettare for å gå varmt etter opning av siloen/rundballen. Produktive høgdrektige og mjølkande søyer har behov for topp grovfôrkvalitet. Da er det viktig med næringsrikt og smakeleg surfôr.

Når du har utfôringssystem der surfôret blir liggjande i fleire døger med lufttilgang i for eksempel ein rundballehekk eller ei islandskasse. I eit forsøk med fôring av påsettlam gjennomført ved NMBU i 2012  (Sau og Geit nr 3 2015 s. 20-24) oppnådde ein desse effektane ved bruk av GrasAAT Plus som inneheld både maursyre som gjer graset surt og benzosyre og propionsyre som hemmar mugg og soppvekst:

Effekt av å bruke ensileringsmiddel på rundballesurfôr lagra med lufttilgang

Effekt ved bruk av ensileringsmiddel: Med ensileringsmiddel 5,5 l GrasAAT/tonn Utan ensileringsmiddel
Meire sukker i fôret 66 g/kg ts 11 g/kg ts
Mindre skjemt fôr ved lufttilgang i 3-4 dagar Mugg/skjemt fôr i 16 % av ballane Mugg/skjemt fôr i 31% av ballane
Meir stabilt surfôr i høve til varmgang Tal døger før varmgang 7,3 Tal døger før varmgang 4,4
Høgare tilvekst på påsettlam som fekk 100-300 g kraftfôr/dag i tillegg til appetittfôring med forsøkssurfôret 149 g/dag 110 g/dag

Når kan ein droppe ensileringsmiddel?

Når du haustar graset middels tidleg eller seint, får ein god fortørk og har ein rask innlegging i siloen. Med slike forhold vil gjæringskvaliteten bli god utan bruk av ensileringsmiddel. Dersom surfôret skal brukast på sau som berre treng medels grovfôrkvalitet, gjer det heller ikkje noko om du får litt større gjæringstap enn om du hadde brukt ensileringsmiddel.

Sluttord:

Ensileringsmiddel skal tilsetjast pr tonn gras. I forhold til avlinga du tek, vil dette koste mest når graset er fuktig. Men det er også slikt gras som treng syrebaserte ensileringsmiddel mest. Bruk av syrebaserte ensileringsmiddel under vanskelege innhaustingsforhold kan vera forskjellen på om du haustar eit ”avfallsproblem” som fører til sjukdom på dyra, eller om du haustar fullverdig surfôr.

Vi høyrer også om rundballeentreprenørar som ikkje er villig til å bruke syrebaserte ensileringsmiddel. Da er det viktig å hugse på at du er kunden og du bestemmer! Ein del entreprenørar har skjønt det, til dømes Rolf Marken Svien frå Øye i Valdres. I tillegg til å tilrå bruk av ensileringsmiddel, gjev han også gode råd om bruk av ulike ensileringsmiddel på heimesida si.

Kjelde: Mo, Magne 2005, Surfôrboka. Landbruksforlaget, Tun Forlag A/S